OPPLEVER STIGMATISERING: – Skulle ønske Nina Karin Monsen hadde snakka med oss som har vakse opp med lesbiske mødre, seier Siv June Hebnes (22). (Foto: Anne Berit Hatlem)
Filosofen Nina Karin Monsen, som er tildelt Fritt ords pris i år, hevdar at barn blir øydelage av å veksa opp saman med lesbiske mødre. Ho meiner at dei lar barna starta livet med eit handikapp, og at barna lettare blir kriminelle fordi dei manglar ein «skikkeleg familie». Monsen meiner òg lesbiske mødre tek frå barna sjansen til å bli kjend med sin eigen far.
Trygg lesbisk oppvekst– Det er stigmatisering av ei gruppe. Eg skulle ønskt at ho hadde snakka med oss som har vakse opp med lesbiske mødre, seier Siv June Hebnes.
Ho kjenner seg slett ikkje igjen i i det biletet Nina Karin Monsen maler - det er ikkje hennar oppvekst. Siv June seier ho ikkje har opplevd mobbing verken på skulen eller i fritida. Å veksa opp i bygdebyen Bryne saman med foreldre av same kjønn, har vore ei trygg og god oppleving.
Foreldre som bryr seg– At eg skulle skamma meg over å ha ei lesbisk mor, er trist og leitt å høyra. Eg er kjempeglad i begge mine mødre, dei har alltid stilt opp for meg og er også mine gode venner. Det kan ikkje alle ungdommar seia, seier ho.
– Foreldra er dei som oppdreg deg, stiller opp når du treng dei, køyrer deg til trening og stiller på foreldremøte. Om dette er to kvinner, to menn eller ein mann og ei kvinne spelar ingen rolle. Du får uansett påverking frå begge kjønn. I løpet av oppveksten treff du mange vaksne personar – kvinner og menn – i barnehage og skule, pluss at du har familie og venner av begge kjønn.
Aldri mangla noko– Eg kunne fått vita kven far min var, men det gjekk opp for meg at eg aldri har følt eg har mangla noko. Me var ein stabil familie der eg kjende meg trygg. I dagens samfunn er ikkje ein familie lenger mor, far og to barn. Halvparten av ekteskapa går i oppløysing, og eg trur det hadde vore vanskelegare å vera skilsmissebarn, seier Siv June Hebnes engasjert.
– Og kva med adoptivbarn, dei får som oftast heller ikkje vita kven faren er, legg ho til.
Brenn for dei undertrykteAt Nina Karin Monsen sitt utspel blir eit tema i 1. mai-talen på Bryne, er heilt sikkert, men den kjem og til å handla om likeverd og rasisme - det er sider av same sak. Ho er godt i gang med å skriva talen, fekk ein forsmak på korleis det er å stå framfor forsamlinga då ho i fjor heldt appell på torget.
Siv June Hebnes kjenner likevel at det kriblar litt meir i magen denne gangen med tanke på at ho er hovudtalar på arbeidarane sin kampdag.
– Talen kjem til å handla om arbeidarkamp i dag, om undertrykte minoritetar, om solidaritet, finanskrisa kjem ein ikkje utanom - og om verdigheit, seier den 22 år gamle sjukepleiarstudenten, som bur på Klepp Stasjon.
Begrepet verdigheit har fått eit nytt innhald for henne etter at ho var ute i praksis på sjukeheim.
– Det var enormt givande å arbeida med dei gamle. Sjukepleiaryrket gir utruleg mange mulegheiter, men eg vil jobba på grunnplanet, seier Siv June Hebnes entusiastisk.